Til Japan med statsstipend

– Eg har hatt ein sterk fascinasjon for Japan sidan eg var ganskeung. Etter eg vart kjend med ein ven som fleire gonger har voreutvekslingsstudent i Japan, vart eg oppsatt på å dra til Japan somutvekslingsstudent på videregående, forteller Kim Are.
Det vart ikkje noko av dette, men no har han fullførtbachelorgraden i opplevelsesproduksjon og interaktive medier påHamar. Og med tanke på kva han skulle ta til med etter ferdigestudier i Hamar, byrja leitinga etter utvekslingsprogram til Japan.Dermed kom ein e-post frå Noregs forskningsråd, med informasjon omMonbukagakoshu-stipendet, der ein får dekka reise, skuleutgifter og8000 kroner i månaden.

Siling gjennom prøver og intervju
Etter søknadsfristen 1. juni, gjekk ein tjue siders lang søknad fråHamar gjennom det første grove filteret til Norges Forskningsråd,som igjen sendte søknaden vidare til den japanske ambassaden iOslo. I august vart søknadskrivaren frå Hamar kalla inn tilintervju i Oslo. Over to dagar var det prøver og intervju. Ei vekeseinare kom brevet med resultatet av ambassadebesøket, Kim Are varvidare i den internasjonale konkurransen saman med to andrenordmenn.

– Det hjalp mykje at eg hadde vore i Japan tidlegare, og ikkjeminst at eg trener aikido. Eg har heile tida i søknadsprosessenbrukt aikido som eit argument, fortel Kim Are, som for snart eittår sidan var med Dimitris Farmakidis og Vestoppland folkehøgskoletil Japan.
Når han denne gongen igjen reiser til Japan, blir det ikkje for eitpar veker, men for fem år. I desember kom svaret frå Japan, han kansjå fram til studieliv på eit universitet i Japan. Først eitt årmed førebuande studier vest for Tokyo.
– Første året går på Tokyo University of Foreign Studies (TUFS -www.tufs.ac.jp). I desember vil eg søke opptak ved eit japanskuniversitet for å ta sjølve bachelorgraden. Nøyaktig kva foruniversitet er opp til TUFS, fortel Kim Are.

Trene i kjede-dojo
TUFS ligg 40-50 minuttar med t-bane utanføre sentrale Tokyo, iFuchu-shi. Her har Kim Are funne ein dojo han vil oppsøke foraikidotrening. Dojoen er leia av Kobayashi Sensei, som har ei rekkedojoar i ei slags kjede – Aikido Kobayashi Dojo,www.cup.com/kobayashi-dojo/english/index.html

– Kjeden har Sunyata Aikido Dojo i Oslo som vennskapsdojo, og detlater til at dojoene i Japan er Aikikai (de har blant andre enkeltegraderinger på Hombu Dojo), fortellKim Are.
Til andre som måtte ønske å gå i fotspora hans og søke sammestipend, har han nokre gode råd: ver tolmodig, hald motivasjonenoppe og bruk ventetida godt slik at ein er godt førebudd tilintervju og søknader.

Men no er Kim Are aller mest spent før avreisa:

«Kjenner det godt i kroppen at jeg er sliten av å ha vært gjennomsøknads- og venteprosessen nå i snart ett år, og alle tankene jeghar hatt i løpet av den tiden har virkelig tatt på. Nå nærmer detseg snart avreise, og det er ikke som om det roer seg noe mer avden grunn. Det er mye som skal gjøres nå i forhold til høyskolenjeg går på (Høgskolen i Hedmark) for å få fullført graden min mensjeg samtidig påbegynner studiene i Japan. I tillegg er det pakkingog organisering, og å forsøke å finne noen som kan leiestudentleiligheten når jeg drar, og i det hele tatt en del løsetråder som må tas hånd om. Så nå må jeg vel nesten bare innrømme atjeg er mer sliten enn spent, og virkelig ser frem til å sette megpå flyet og “puste ut” i et halvt døgn før jeg entrer metropolenjeg har drømt om å bo i siden jeg var liten gutt.»

– Av Gudrun Sylte

Share on Facebook