Helga 19-20 april arrangerer NAF seminar for instruktørar som erinteresserte i å starte barnetrening i sine klubbar. Noko avformålet med seminaret er å strukturere barnetreninga som føregår iNAF sin regi.
– Bakgrunnen for seminaret er ein diskusjon som starta på årsmøteti NAF. Der kom det fram eit ønske om å ha litt meir system ogstruktur på barnetreninga i NAF sine klubbar, seier NAF-leiar JohnØyvind Albertsen.
Den seinare tida er det fleire klubbar som harstarta barnetrening. Harstad begynte med for to år sidan,Tenshinkan for eitt år sidan og Hamar eit halvt år etter det.
– Me må prøve å få litt system på det slik at ikkje kvar klubb harsine eigne kriterie når det gjeld belte og gradering, seier JohnØyvind.
Det er den den forbundsrelaterte delen av seminaret. Minst likeviktig er den meir teoretisk delen av seminaret. For teorien står ihovudsak Ivan Tzatchev frå kampsportforbundet som har kompetanseinnan basistrening og budo for barn.
Kommande instruktørar for barneparti vil få eitteoretisk grunnlag for kva som er viktig på barnetrening. Kva måein passe på i høve til skadar, i høve til barn si utvikling påulike årstrinn og korleis ein kan legge opp treninga etter det.
Den første dagen vil Tzatchev snakke om vekst og utvikling hosbarn. Andre dagen blir det teori i høve til basistrening, kondisjonog koordinering tilpassa barn.
Sjølv om NAF har runda tretti år, er det først deisiste åra NAF-klubbane har begynt å snuse på trening for barn.
– Kvifor trur du det har tatt relativt lang tid før ein har begyntmed barnetrening i NAF?
– Ein har kanskje ikkje hatt dei største ambisjonane hittil om åvekse og bli ein stor organisasjon. Me heng etter i høve tiltaekwondo og karate i det å ta inn barn og utnytte fordelane avfleire alderstrinn. Når ein har barnetrening forpliktar ein segogså på ein annan måte enn med vaksentrening. Grunnen til at detskjer no er kanskje fordi det har dukka opp personar som har barnog ønsker å dra familiemedlemmar inn i miljøet? undrar JohnØyvind.
Kva er fordelane ved å starte barnetrening?
– Det er viktig på to måtar. For det første rekruttering, å få folktidleg inn i sporten. Samstundes som barn begynner å trene, kan einogså få foreldra engasjerte. For det andre handlar det også om å fåfleire gode aikidoutøvarar. Begynner ein tidleg får ein aikidoeninn i kroppen tidlegare. Barna har ikkje stor fysisk styrke, deikan lære seg å gjere aikidoen riktigare, me som er vaksnekompanserer gjerne dårleg teknikk med styrke. I dag begynner deifleste å trene på universitetet i 20-åra. Det kan vere bra å få nedsnittalderen på når ein begynner å trene, meiner NAF-leiaren.
Sidan aikido ikkje handlar om fysisk styrke, snarare å unngå åbruke krefter, kan barn og vaksne trene saman på ein annen måte enni andre idrettar. Som dei fleste aikidoutøvarar kan skrive underpå, meiner John Øyvind aikido kan vere eit godt alternativ til deimeir tradisjonelle kroppslege aktivitane norske barn brukar tida sipå.
Gudrun Sylte, redaksjonen aikido.no