Skrivekonkurranse 2008

På aikido.no ønsker me at alle de der ute som bryr dykk om aikido, kan vere med å gjere sida levande. Det er lov for alle å sende inn saker, om stort og om smått.

Når 2008 er brukt opp og me skriv januar 2009, vil me i redaksjonen sette oss ned og gå gjennom det som er av saker de lesarar og utøvarar har sendt inn til oss.

Dei beste bidraga blir premiert, med ein hovudpremie og mange andre premiar. Og premiane blir progressive, det vil seie at fleire får premiar dersom fleire deltar. Hovudpremien kan også legge på seg dersom det er mange i konkurransen! 

Kva kan du skrive om?
Det meste. Her er det opp til deg å vere kreativ!
Hugs at alle saker blir mange ganger betre om du legg ved bilde.

Har du vært på leir og tatt mange fine bilder?
Send inn bilder og eit par ord om korleis leiren var.

Har det skjedd noko spanande i din klubb?

Har du vært på reise og trent aikido i eit anna land?


Har du nokre tankar om aikido, på generelt plan, om trening, om leirar, om rekruttering, om organisering, om stilartar..?
Forfatt eit innlegg og send det til oss.

Har du lest ei god eller mindre god bok, sett ein film, ei nettside som handlar om aikido?

Me vil gjerne ha bok- og filmmeldingar, på sikt kan me bygge opp eit arkiv.

Du står relativt fritt i forhold til tekstlengde, men ei rettesnor på ei sak med grei lengde, er 2000 teikn. Og igjen, bilde gjer seg alltid ekstra godt:

Dette bildet er henta frå Wikipedia. Bildene som er lagt ut her er fri til bruk, så lenge du oppgjer at dei er henta her i frå.

Send ditt bidrag til redaksjon@aikido.no
Den e-posten blir mottatt av Erlend, Kim, Kristin og Gudrun

Har du spørsmål, send dei til samme adresse, me hjelper deg gjerne i veg dersom du treng tips til skrivinga, ønsker tilbakemelding eller hjelp til å løyse ei sak!

Til slutt, for at det skal vere ein open konkurranse må alle bidraga signerast.

Lukke til!

Helsing Gudrun,

på vegner av redaksjonen

Share on Facebook