– Spørsmålet mitt er om avgifta for Kyu-gradering er er ei rettfordeling av utgiftene til medlemmene, seier Sverre Johnsen.
Han er sekretær i Noregs Aikidoforbund, men reiste saka på eigeinitativ. Sverre ønsker i utgangspunktet å fjerne avgifta påKyu-graderingar, og på årsmøtet i sommar ville han gjerne ha einprinsipiell debatt kring avgiftene.
– Saka har til no vore diskutert både på styremøte og på årsmøtet.Enno har eg til gode å møte nokon som kan argumentere for avgifta.
Men den prinsipielle saka kring avgiftene har også ei ei praktiskøkonomisk side. I dag betaler ein 50 kroner per halvår formedlemskap i NAF og dei tilhøyrande rettane for til dømes ågradere seg. Graderer ein seg to gongar i året, kan ein ende oppmed å betale 500 kroner per år for gradering.
Gradering er klubbinntekt
Sverre meiner ein ved å fjerne avgifta vil ein gjereaikido relativt billegare å trene. Det vil vere lettare å fåmedlemmene til å gradere seg, spesielt for dei lågarealdersgruppene.
I dag er inntektene frå graderingar fordelt mellom NAF og klubbensom arrangerer graderinga. Arrangørklubben får 60 prosent avinntektene frå graderinga, og NAF dei resterande 40.
– Slik det er no er det mange klubbar som budsjetterer medgradering for å få leirar til å gå med overskot. Då vert det eidobbeltbeskatning på dei som graderer, meiner Sverre.
Han meiner klubbane og NAF ikkje har meirkostnader ved graderingsom tilsvarer den summen avgifta utgjer. Snarare vertgraderingsavgifta ei kamuflert inntektskilde, ein inntek det villevore rettare å hente inn gjennom høgare leiravgift.
Ujamn inntektsfordeling
Samstundes vil avgiftsordninga føre til at etablerteklubbar kan hente inntekter frå dei mindre og ferske klubbane.Ettersom dei større klubbane ofte har veletablerte og attraktiveleirar med store graderingar, risikerer ein at graderingsinntekteneforsvinn til andre klubbar.
– Som instruktør i ein heilt fersk klubb jobbar ein for å oppdranye nybyrjarkull. Då er det ikkje så artig når medlemmene betalarfor å gradere seg til ein annan klubb. Heldigvis har me i Trondheimein avtale mellom klubbane der graderingsavgifta går til denklubben kandidaten høyrer heime i, seier Sverre.
Oppstarten av den ferske Trondheimsklubbben var nettopp det sombrakte spørsmålet kring graderingsavgifta på bane. Nyare klubbarhar ofte ikkje økonomi til å arrangere leirar i samme skala som deistørre. I Trondheim har dei fått til eit samarbeid mellom NTNUIAikido og Trondheim aikidoklubb om leir og graderingsavgifter.
– Hadde vi ikkje fått til det, ville alle inntektene frå våregraderingskandidatar gått til NTNUI Aikido.
Ferdighetsmerke
Når det gjeld den meir prinsipielle sida av saka, peiker Sverre påat ei gradering skal vere eit ferdighetsmerke, ei markering av eitvisst ferdighetsnivå, og ikkje ei teneste som ein kjøper.
– Derimot er medlemskap i NAF ei teneste ein skal og bør betalefor. He står prisen ikkje står i stil med det ein får att, meinerSverre, og viser til kontingenten på 50 kroner.
I høve til tenestene ein får att gjennom medlemskap i NAF, meinerhan det ikkje er så mykje å betale om ein til dømes doblerkontingenten til hundre kroner.
I fjor utgjorde graderingsinntektene til NAF 13. 630 kroner, medaninntekta frå medlemsavgifta telte 32. 500 kroner. Fjerner ein eiinntekt, må inntektene komme frå ein annan stad. For NAF sin del erdette løyst berre ved å legge til 25 kroner på årskontingenten fråmedlemmene.
Nettopp dei økonomiske sidene av saka gjorde det vanskeleg forårsmøtet å ta stilling til fjerning av graderingsavgiftene.Resultatet på årsmøtet vart dermed at NAF- styret bruker dette åretpå å sjå på konsekvensar og ulike løysingar. Først til neste år vilårsmøtet ta stilling til om graderingsavgifta bør fjernast.
Kva meiner du om denne saka?
Diskuter gjerne saka på kampforum.com, via forum, budo, aikido:
http://www.kampforum.com/component/option,com_smf/Itemid,26/topic,11309.0
eller send mail til redaksjon@aikido.no
Om du ønsker meir informasjon om saka, ta kontakt med dinklubbkontakt for innkalling til og referat frå årsmøtet i NAF.
Av Gudrun Sylte