Raus kasteplass på matta

– Vi har 230 påmeldte til nå, og det strømmar inn påmeldingar kvardag, seier Mona Brude i jubileumsleirkomiteen.

Ho forsikrar om at det enno er plass til etternølarar, iklasseromma og i teltleiren. Romma på Brandbu har også eiekstramadrass. (og gladmeldinga frå Mona er at alle sengene har nyemadrassar).

Deltakarlista viser at det blir ein internasjonal leir, medbesøkande frå Danmark, Sverige, England, Irland, Hellas, Holland,USA, Ungarn, Ghana, Georgia og Serbia. Det er sjølvsagt i tilleggtil våre vener frå Japan, i alt elleve frå Hombu inkludert Doshu.

Sjølv om det blir dobbelt så mange som vanleg på sommarleiren, erikkje Mona redd for at det blir for mange.

– Kvart år er det Taekwondo-leir med 500 personar på Brandbu, sådette kan dei.

Lørdagens jubileumsmiddag blir i gymsalen på Brandbu, med bordplasstil 250 stykk festløver. Og når folk strømmar til på onsdagen ogtorsdagen, kan alle som har meldt seg på og betalt leiravgifta,vente seg ei lita gåve frå NAF. Blir du nysgjerrig på kva det er,så er det akkurat det som er meininga – me røper det aldri.

Husk å gje ein klapp på skuldra til sommarleirkomiteen, dei harhatt nok av jobb med å organisere, planlegge og få ting gjennomførtslik at alle me andre kan kosekaste på kvarandre.

– Det blir fantastisk stemning, det blir ekstra hyggeleg i år.Stemninga berre stig og stig for kvart år som går, seier Mona somallereie gledar seg stort.

Hanne Fjerdingstad har sendt ut e-post til klubbane, ho har ide tilein film frå leiren. Men til det treng ho hjelp frå andre som kanvere med å filme før, under og etter leiren. Dei som kan vere medpå dette, må melde frå så snart dei kan!

Hanne kan kontaktast på hanne_ketil ved hotmail.com

Hanne har også vore i kontakt med stort og smått av presse, og harfått positiv tilbakemelding frå Nrk.

God aikidosommar!

Gudrun Sylte

Share on Facebook