– Dette er ein dvd-serie som har blitt svært populær i Tyskland.Den fungerer som eit oppslagsverk, og er nyttig både fornybegynnarar og dei som er litt meir vidarekomne, seier Jan Porthuni Ondefo forlag.
Serien er tidlegare utgitt i Tyskland, Amerika og Frankrike. JaffRaji, er 5. Dan aikikai, og har vore uchi deshi for Tamura sensei imange år. Raji har dojoar i Portland, USA og i Frankrike. Åretgjennom reiser han rundt i Europa, Latin Amerika og i USA for åhalde seminar. Raji har trent aikido i tjue år og underviser itillegg i Iaido og Jodo.
Til bibliotek
Første bind i serien tar for seg blant anna basisteknikkar ogfallteknikkar. Deretter følger 2. bind med Shomen-uchi teknikkar.Den siste dvd-en er med teknikkar med våpen og fleire angriparar.Teknikkane vert demonstrert tre gongar kvar, med japansk betegnelseog ein gong i sakte fart. Variantar av dei ulike teknikkane vertogså demonstrert med tilhøyrande namn.
– Foreløpig sel vi ikkje serien over internett, dei fem binda måselgast gjennom bokhandel, seier Porthun.
Han håpar det vil vere interesse for serien her i Norge. Blir saletein suksess, ønsker han å distribuere femti eksemplar til bruk ibibliotek.
Totalt har serien 6,5 timar speletid, og kan kjøpast som pakkeeller bind for bind. Pris per bind vil ligge på kring 300 kroner,som er omtrent det same som i Tyskland.
Aikidobøker på norsk
Jan Porthun håpar etterkvart å kunne distribuere meraikidomateriale i Norge, og gjerne eigne norske aikidoverk.
– Her i Norge er alle veldig flinke i engelsk, og kan bruke mykjeengelske bøker og filmar. Men det er noko eige ved å ha bøker påsitt eige språk, seier Porthun.
Som forlagsmann ønsker han difor å komme i kontakt med personarsom eventuelt har lyst å skrive si eiga bok om aikido.
– Det treng ikkje nødvendigvis vere direkte om teknikkar, men omrelasjonar og opplevinga av å trene aikido. Det er ofte meirinteressant enn ei bok om teknikkar. Det viser ogsåboksalstatistikkar, seier Jan Porthun.
For meir informasjon
http://aikido-raji.ondefo.no