Matsuru opnar i Oslo

Brandbu, NAF sin sommarleir i juli: I kroken ved inngangen tildojoen står eit bord dekka av effektar. Det er tilbod på drakter,bokken, jo, tanto, hakama, bøker og dvd. Eit Matsuru-banner lar detikkje vere nokon tvil. Bak bordet står Matei Ionescu og PatrickPetersen og gliser.

Eit tips om eit godt tilbod på drakter sendte Matei & cotil Heijden sport sitt lager i Strømmen. Eit par turar fram ogtilbake og vips, agenturet var i boks, for å seie det på den enklemåten.

Saman med Kristian Rosskopf og Pavel Ionescu overtok Matei ogPatrick Matsuru-agenturet frå 1. Januar i år. Matsuru, er ei avverdas største kjedar innan kampsporteffektar, er ikkje nytt iNoreg. Tidlegare har agenturet vore drive av Wim van der Heijden ogHaijden sport. No ville Heijden gje seg.

– Heijden har dei siste åra konsentrert seg om sportsdrikkar ogmultipowerdrikkar. Budodelen har vore eit supplement, dei har ikkjetatt det budomarkedet som me meiner er der, seier Patrick.

Godt tilbod vart butikk
No vil dei fire bli store i sal av budoeffektar. Og i motsetnad tilmange andre butikkar som ikkje alltid tar aikido like seriøst, setPatrick og Matei aikido først.

– Kristian trener også aikido, mens Pavel trener ninjutsu. Det gjerat me veit kva me ønsker fordi me bruker utstyret sjølv, seierPatrick.

– Andre butikkar har satsa meir på dei hardare sportar som karate,grappling kickboxing og ju jitsu som er dei som er tyngst i Noreg.Aikido er framleis nytt i Noreg i forhold til desse. Det tar litttid å å skape eit namn, seier Patrick.

Frå trikot til gi
Hjelp til å gje aikido eit namn, får dei gjennom det nyekampsportsenteret som er under etablering i Nydalen. Då Norgesballetthøgskole flytta ballettsko og trikotar frå Nydalen tilBjørvika, vart det ståande att ledige lokale, lokale med storeflotte rom, høgt under taket.

Her er Sunyata dojo og Mouliko Halèn i ferd med å etablere eitkampsportsenter. Senteret skal romme mange ulike sportar, ogtilhøyrande verksemder. Og det er her Matsuru skal inn med butikk.

Opningstidene er ikkje klare enno, men sjekk matsuru.no, der kjemdet meir informasjon.

Vart du nyfiken på det nye kampsportsenteret? Det er me også,aikido.no kjem tilbake med meir!

Tekst og Bilde: Gudrun Sylte

Share on Facebook