Kampsportforbundet opnar dørene

NAF styret har brukt våren på å forhandle fram ein samarbeidsavtalen. Den skal sørge for at klubbar som vil vere medlem i begge dei to organisasjonane, ikkje kjem i skvis mellom dei to forbunda sine reglement.

Sekretær i NAF og leiar for Trondheim aikidoklubb, Sverre Gullikstad Johnsen, har allereie meldt klubben sin inn. 

 – Me meldte oss inn hovedsakleg på grunn av forsikringsordninga. Den andre ordninga eg kjenner til i aikidonorge, dekker ikkje behandling for treningsskadar, til dømes, seier Sverre Gullikstad Johnsen, leiar i Trondheim aikidoklubb.

Etter det han kjenner til, har Grenland aikidoklubb og NTNUI aikido allereie vore medlem i Norges Kampsportforbund (NKF). Også Sunyata i Aikikan Norge er med i NKF.  


 Kulturkroner

NAF-styret oppmodar no klubbane til å melde seg inn, men klubbane i må på eige grunnlag ta avgjerda og skrive seg opp på innmeldingsblanketten. Rutinane for opptak fins på heimesida kampsport.no.

For klubbane som er medlem begge stader, vert NAF og NKF to sidestilte organisasjonar.

At det er vits i å vere medlem begge stader, er Sverre overbevist om. Det at NKF er eit særforbund under Norges Idrettsforbund, teller på plussida.

– Eg meiner det er eit kvalitetstempel å vere med i NKF. Det at ein vert del av Norges idrettsforbund og dermed ein offisielt anerkjent idrettsorganisasjon, har også ein del å seie. Mange offentlege midlar frå kulturdepartementet vert kanalisert gjennom NIF, til dømes, seier Sverre.

– Me vart overraska då me plutseleg fekk overført tusen kroner, men etter ei stund fekk me forklart at det var midlar som går tilbake til klubben frå idrettskretsen. Då fekk me mykje av kontigenten. Det er også mogleg å søke om anna økonomisk støtte gjennom idrettskretsen.


Skadeforsikring

Den klare ulempen for klubbane er at medlemsskapet vert ei ekstra utgift, i tillegg vert det meir post og papirarbeid.

– Avgifta er på 185 kroner per medlem. Då er også forsikringa inkludert, seier Sverre.
Med forsikringa som følger NKF får ein dekka legeutgifter utover ein eigenandelen på fem hundre kroner om ein vert skada på trening.

-I den avtalen me hadde før, som var gjennom If, var me berre dekka dersom ein vert varig invalid eller død. No har det også dukka opp ein ny aktør, Quality Broker AS, som tilbyr samme forsikring som NKF, seier Sverre.

Andre fordelar Sverre ser ved å knytte seg til kampsportforbundet, er at fordelinga av kommunale treningslokale i Trondheim nettopp går gjennom NIF, eller meir spesifikt gjennom idrettsrådet.

Han trur også det kan vere betryggande for foreldre ved barnetreningar å sende barna til ein klubb som ligg under NIF.

Her er samarbeidsavtalen i pdf

Har du nokre innvendingar eller synspunkt på avtalen?
Ta kontakt med gudrun (at) gosu.no

samarbeidsavtale-2007

Share on Facebook