– Aikido kan forandre samfunnet!

Robert Fischbeck (47) har trent aikido i sju år. Han meiner ataikido kan forandre samfunnet.

Men kva er eigentleg aikido? Kva er det som er annleis meddenne kampkunsten? Er det mogleg å forklare kva denne kampsportengår ut på for dei som ikkje har høyrt om den før?

« Aikido er ein kampkunst», seier Robert Fischbeck. «Den er einrørslekunst som har røter i Japan. Den er annleis enn dei allerfleste kampsportgreiner fordi den handlar om samarbeid. Aikido erein kampkunst og ikkje ein kampsport. I sport er det konkurranse. Iaikido er det ikkje konkurranse. Aikido handlar om å tilpasse segtil ein situasjon for å nøytralisere ein motstandars angrep. Dettegjerast hovudsakleg ved å ta i mot motstandaren sin energi og giden tilbake til dei så dei misser balansen sin. Då kan einnøytralisere dei ved å “pinne” dei til bakken ved å manipulereledda, som for eksempel olboge og skuldra.»

Bilete frå trening med Aikikids. Sjå fleire bilete her

Vidare fortel Robert om Morihei Ueshiba, grunnleggaren av aikido.

« Morihei Ueshiba var ein veldig ivrig kampsportsutøvar i ju jitsuog andre sverdkampkunstar. Etter ei stund opplevde han at verdaikkje var ein veldig fredeleg stad. Det bestemte han seg for at hanskulle jobbe med, og det gjorde han med den kunnskapen han hadde,som var kampsport. Så aikido utvikla seg, ikkje som ein konkurranseog ikkje valdeleg. Dersom du øver rett blir ingen skada. MoriheiUeshiba byrja å kalle det for aikido på 40-tallet, trur eg. Aikidoer ikkje gammal. Den er ein av dei nyare kampsportgreinene, ellerkampkunst då, for å si seie det slik, men den har røtene i 500-,600- 700- kanskje 1000-åra i Japan.»

« Eg trur at samfunnet ville hatt nytte av at fleire trena aikido»,svarer Robert då vi spør om det hadde skjedd noko forandring isamfunnet dersom fleire trena aikido.

« Aikido er ikkje konkurranse, og så handlar det om samarbeid og omrespekt for kvarandre. Disse to tinga for seg sjølv set eit heiltnytt lys på forhold mellom folk i samfunnet. Så dersom du blir meirbevisst på korleis du utøver aikido blir du meir bevisst på korleisdu held deg til andre ting i kvardagen. Det som skjer i aikido iprinsippet er det same som skjer over alt. Du kan veldig lett brukeprinsippa som ein lærer i aikido i alle aspektar i livet. Så ja, egtrur at samfunnet ville hatt nytte av at fleire trena aikido,»seier han.

Har du nokre konkrete døme på korleis samfunnet kunne forandra seg?Eller hadde det berre blitt fredelegare?

« Berre tenk på aspekten av respekt. Dersom alle hadde respekt forkvarandre, for andre sine meiningar, for korleis andre gjer ting ogikkje minst respekt for seg sjølv, så blir det mindre konfliktar,det blir mindre polorisering, motsetjingar, det blir mindrekonfliktar rett og slett. Og dei konfliktane som oppstår blirhandtert på ein måte som gir meir samarbeid i staden forkonkurranse.»

Det er ikkje berre vaksne som treng aikido. Barn kan også fåutbytte frå denne kampkunsten. No har noko som kallast Aiki-Kidsstarta på Hamar. Aiki-Kids er aikidotrening for barn, rett ogslett. Robert er hovudtrenaren. Difor kan han sikkert svare på omAiki-Kids påverkar barna, og i så fall korleis?

« No er det slik med barn at dei veks veldig når dei får ei kjensleav å meistre noko. I byrjinga er det strukturen om korleisaikidotrening går føre seg, noko som ikkje er vanskeleg å meistre.Så etter berre eit par veker er det mange barn som har ei kjensleav at dei veit kva som går føre seg sjølv om dei blir introduserttil ting dei aldri har gjort før. Så veldig tidleg i aikido gjevstrukturen ein arena for meistring. Samtidig, tilbake til andreting vi har snakka om, handlar aikido om respekt og det er ikkjeberre barna som skal respektere trenaren, men trenaren skal ogsårespektere barna, og deira grenser og svake sider og styrkanedeira. Vi snakkar om korleis vi kan utøve det, det blir slik atbarna lærer å høyre etter når eg gir beskjedar. Dei høyrer ikkjeetter berre fordi dei er redde for å få kjeft, men fordi dei veitat det er det rette å gjere. Sjølvsagt har ein det fysiske aspektetav all idrett som er positivt, med kroppsbehersking og betre fysiskform…og i tillegg…nei det er nok, ikkje noko tillegg no.»

Ok, så aikido påverkar barn når det gjelder respekt, tolmod oghaldning. Men kan barn påverke aikido?

« Kan barn påverke aikido? Dei kan i det minste påverke klubben.Det gjer dei veldig tydeleg. Aiki-Kids betyr veldig mykje forFudoshinkan i Hamar», meiner Robert.

På kva måte?

« Det er ei styrke der, det er veldig mange som trenar. Det er eistøtte til klubben så klubben kan blant anna betale rekningar. Deter ei kjelde for framtidas utøvarar. Så barn som blir eldre går opptil vaksentrening, og styrker klubben på den måten, så den veks.Hittil har vi berre sett ein som har gått oppover, men det er jofleire som ventar. Dei er framleis litt unge då. Om eit par år tilhar vi kanskje ein litt større vaksenklubb», seier Robert.

«Andre måtar som barna påverkar aikido eller klubben. Eg vil seie;det skal tida vise. Eg vet ikkje kor mykje barna påverkar aikidosom aikido. Men for eksempel aikido i Noreg.. Aiki-Kids er berre eigruppe, men det er andre barnegrupper i Noreg. Den første var iHarstad oppe i Nord-Trøndelag, trur eg. Og så kom Aiki-Kids. Viskal sjå kva som skjer i framtida når dei blir større oghøggraderte og flytter frå Hamar og andre stader. Vi får sjå,kanskje blir det ei oppblomstring av aikidoklubbar i Noreg.»

Tekst: Emily i Fudoshinkan Hamar Aikido
Emily er også datter av Robert Fishbeck
Intervjuet er også publisert på Fudoshinkan Hamar Aikido sinenettsider

Om Aikikids
Sommaren 2007 vart ei ny gruppe til i Fudoshinkan Hamar Aikido. Detvar ei barnegruppe, og eg syntes det var rett å gje den eit namnsom barn lett kunne relatere seg til, eit namn som høyrtes moro ogleikande ut. Tanken var også å gje gruppa ei kjensle av stolthet ogsamvære. Ein dag skreiv eg Aiki-Kids i ein e-post, “aiki” foraikido og “kids” sidan det er engelsk for barn og i tillegg startarmed “ki”. Aiki-Kids er ikkje eit synonym for barneaikido, men ernamnet til barnepartiet til Fudoshinkan Hamar Aikido.
Robert Fishbeck

Share on Facebook