Aikido i Gjøvikfjellet

– Vi held til i Fjellhallen i Gjøvik. Det er ei litt spesiellkjensle å komme inn i fjellet til trening, innrømmer Jan Porthun.
Klubben er heilt fersk, med treningar frå september i år. No teldei vel femten medlemmar, mest nybegynnarar. Førebels er ikkjeklubben forankra i noko forbund, Porthun har enno ikkje hatt tidtil å tenke på det.

Porthun er imponert over det store mangfoldet av aikidoseminar deter her i landet, og særleg i Oslo.
– Det var ikkje på langt nær så mange seminar i Rostock. Mensamstundes er det det ikkje så langt å dra til andre byar iTyskland derifrå.
I haust drog han til Oslo på Donovan White-seminaret.
– Eg har tidlegare vore på seminar med Yamada sensei, dette varganske mykje det same, konstaterer Porthun fornøyd.

Han synest stemninga i Noreg er fin og avslappa. Samstundes er hanoverraska over at så mange nordmenn reiser på japantur.
– Eg har fått invitasjonen til japantur frå Erik Vanem, og vurdererå bli med. I Tyskland er det nesten ingen som reiser dit, det erfor dyrt for oss. Men det er andre forhold her i Noreg. Eg får sjåom eg får mulighet til å vere med på tur til våren, seier JanPorthun.

Av Gudrun Sylte

Share on Facebook