Å leve med adhd og aikido

Då Kristian Haugland var seksten år, fekk han påvist diagnosenADHD. Det var ei aha-oppleving for han, plutseleg vart samfunnetlagt til rette for ein som sleit på hans vis. Han hadde allereieslite i lang tid. Takka vere ei mor som såg problema hans, er han idag ein av dei som klarer seg bra med diagnosen ADHD.

Dei siste åra har Kristian drive foredragsverksemd om opplevinganeog erfaringane sine. Han ønsker å vise kva problem adhd kaninnebere og nyttar seg sjølv som døme på korleis ein kan handterediagnosen.

Det fekk helsedepartementet til å kontakte Kristian då dei gjekk igang med minidokumentarar over ulike personar som har sitt å strimed.
Sjå filmen på psykisk.no

Aikido og adhd
I filmen følger ein Kristian i løpet av ein dag. Då går turensjølvsagt innom Zanshin dojo i Bergen, der Bergen aikidoklubb heldhus. Kristian meiner det er fleire element ved aikido som er brafor han. For det første at fysisk aktivitet er bra for folk medADHD, som det er for dei fleste andre.

– I aikido brukar me ein måte å bevege oss på som utfordrar heilesentralnervesystemet. Dess meir aktivitet ein tvinger gjennomryggraden, dess meir opnar ein slusene. Eit av problema med ADHD ernettopp treig aktivitet i sentralnervesystemet, seier Kristian.

Samstundes er aikido ein måte å trene på, der ein også trener segpå å halde fokus. Kristian peiker på at ein i trening saman medein partnar, får tilbakemelding med det same dersom ein ikkje ermentalt til stades. Samstundes hjelper det på konsentrasjonen.

– Også det at aikido finn stad i eit miljø blotta for konkurranseer bra for meg. Ein blir meistringsfokusert i staden forkonkurransefokusert. Det å kjenne at ein utviklar seg, hjelper påsjølvkjensla, seier Kristian.


{mosimage} Kva problem kan det innebere å ha adhd?
For snart to år sidan gjorde Kristian seg ferdig med hovudfaget ifilosofi. Mesteparten av oppgåva er skriven på kafe. Lesesalarfunkar ikkje for han.

– Når eg er konsentrert, er eg ikkje bevisst på innfall eg får. Egkan gå ein lang spasertur utan å tenke over det. På ein lesesal ereg redd for å plage andre med å gå rundt. Om eg sit i ro får egikkje konsentrert meg like godt, seier Kristian.
Sjølv om det vert rekna som atypisk for ein med ADHD å gjennomføreeit hovudfag, er ikkje Kristian sikker på at det er det.

-Det er nok mange som har gått rundt på universiteta opp gjennomhistoria med diverse diagnosar. Uttrykket distre professor må jokomme frå ein stad, seier Kristian.

Det Kristian strir med, er å konsentrere seg om aktivitetar somikkje direkte engasjerer han. Det er noko gjerne fleire kjenner segatt i. Kristian peiker på at det er mange utfordringane for ein medadhd er noko mange vil kjenne seg igjen i, ein som har adhd kjennerdet berre litt meir.

– Det er mange av utfordringane for oss med ADHD som andre vilkjenne seg att i, me har det berre litt meir. Andre ting problem erat når eg går inn i mine eigne tankar, og det gjer eg ofte, så vileg ikkje legge merke til andre. Eg kan bli sliten viss det er mykjesom skjer, og har behov for å trekke meg tilbake, seier Kristian.

Struktur
Kristian sin måte å få dagen til å fungere, er å ha struktur. Altmå organiserast og settast opp i timeplan. Han har struktur på detmeste, nøklar, mobiltelefon, lommebok, alt er på plass i sine fastelommer.

– Eg bruker elektroniske verktøy for å minne meg på ting. Eg brukarein PDA, ein personleg dings der alt er ført opp, seier han.

Du er svært sjølvbevisst på korleis du skal klare deg, korleis hardu komme fram til den kunnskapen?

– Eg har komme fram til det etterkvart. Mor mi var flink til å sjåkva eg sleit med. Leksene var så store at eg ikkje klarte åforholde meg til dei. Men me jobba i korte intervall på fem minutt,me teipa over det i boka som var irrelevant der og då. Det gav megtrening i å stykke ting opp i mindre oppgåver seinare, seierKristian.

I dag driv Kristian foredragverksemda si vidare som ein del avjobben i Orange, eit selskap som driv personalformidling ogkvalitetsstyring for ulike bedrifter. I 2007 var han også med åstarte Mental Helse sitt ungdomslag i Bergen.

– Mental Helse er ein utruleg viktig organisasjon. Den brenn egfor. Heile psykiatrien har så langt igjen å gå for atinstitusjonane ikkje forverrer folk, meiner Kristian Haugland.

Tekst og foto: Gudrun Sylte, redaksjonen aikido.no og medlemi Bergen aikidoklubb

Share on Facebook